Ukens arbeidsgiver

Månedens yrke

Sykepleier. En sykepleier eller sjukepleier (tidligere sykepleierske eller sykesøster) er en helsearbeider som praktiserer sykepleie.

Les mer »

Ukens spørsmål

Hva er viktigst med en jobb?

Lønnen
Dine kolleger
Arbeidsoppgavene

Stillingsannonse

Fylkesrådmann

Region(er): Telemark
Yrkeskategori(er): Økonomi Rådgivere Lederstillinger Konsulent Kommune / Offentlig Administrasjon / Kontor


Telemark fylke er samansett av 18 kommunar med ca 170 000 innbyggjarar. Fylket har ein glitrande skjergard og storslegne fjellvidder.

Telemark er eit av dei leiande industrifylka i Noreg. I alt høyrer om lag 500 industribedrifter heime her, der forskningsmiljøa har vore ein vesentleg bidragsytar. I tillegg høyrer Telemark til landets eldste turiststrøk og turistnæringa er viktig for fylket. Telemark er og eit betydeleg jordbruks- og skogfylke.

Fylkeskommunen har hatt betydelege investeringar dei siste åra, samstundes med bortfall av og forventa reduksjon i statleg rammetilskot. Kravet til innstrammingar i driftsrammene har dei seinare år ført til god økonomisk styring, og ein har avsett midlar til konkrete tiltak og til å byggje økonomiske reservar. Vi har ca 1600 tilsette. Les meir på www.telemark.no 


Fylkesrådmann

Vi søkjer ein strategisk, tydeleg og handlingsorientert fylkesrådmann, som er ein motiverande leiar med gode evner til kommunikasjon og samhandling. Tek du utfordringa med å leie ein fylkeskommune med eit stort utviklingspotensial?

Mål med stillinga:
Utvikle fylkeskommunen sin organisasjon gjennom styrking av samhandling, kompetanse og kvalitet.
Auke Telemark si attraksjonskraft som bustad og næringsområde.
Auke næringsutviklinga i Telemark.

Ansvarsområde og oppgåver:

  • Sentral rolle i overordna planlegging og styring av fylkeskommunen sine ansvarsområde 
  • Overordna ansvar for utabeiding av mål- og budsjettforslag.
  • Oppfølging og resultatdialog med dei enkelte einingane.
  • Vidareutvikling av organisasjonen med fokus på strategisk leiing, langsiktigheit, samhandling, heilskap og fagleg kvalitet.
  • Skape eit godt omdømme gjennom god kommunikasjon med tilsette, innbyggjarar, politikarar og media.
  • Leie og kvalitetssikre samspelet mellom forvaltning og politikarar.
  • Vidareutvikle ein aktiv og framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk som legg grunnlag for ein attraktiv arbeidsplass med god rekruttering, kompetansefornying, tilfredse medarbeidarar og lågt sjukefråvere.

Fylkeskommunen ser etter ein rådmann som:

  • Har solid og relevant høgare utdanning i kombinasjon med brei og allsidig leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd.
  • Er inkluderande og motiverande teambyggjar med gode evner til kommunikasjon og samhandling.
  • Er resultatorientert, tydeleg, synleg og offensiv samfunnsutviklar.
  • Har evne til heilskapleg og strategisk tenking.
  • Forstår og meistrar kompleksiteten og dynamikken i samspelet mellom politikk og administrasjon.
  • Har erfaring frå overordna planlegging, økonomistyring og endringsleiing.
  • Har høg etisk standard.
  • Åremålstilsetjing kan vurderast.

Slik søker du
Vi anbefaler at du skriv søknadsteksten i eit tekstbehandlingsprogram før du startar søkeprosessen. Da kan du lime (kopiere) inn teksten i søknaden, eller du kan leggje ved denne og CV i systemet. Når du tar til å registrere søknaden må du ferdigstille, det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden. Du må velje "Søk på stilling" og gjennomføre dei 5 hovudpunkta før du sender søknaden ved hjelp av det siste punktet. Dersom du har merka av for at du vil ha dokumenter og annan kommunikasjon sendt elektronisk, vil du få ein e-post med kvittering om at søknaden er mottatt.

Offentliggjøring
Søkjarar kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke for offentleggjering. Dersom dette ynsket ikkje vert etterkome, vil søkjaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25)

Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til Skagerak Consulting AS ved Øyvind Drangsland tlf 918 32 891, e-post: od@skc.no eller Nils-Ragnar Myhra, tlf 916 25 273, e-post: nrm@skc.no, om ynskjeleg på konfidensiell basis. Du kan også kontakte personalsjef Terje Hærås, tlf. 901 77 756, e-post: terje.haras@t-fk.no og fylkesordførar Terje Riis Johansen, tlf 975 63 000. 

Telemark fylkeskommune, postboks 2844, 3702 Skien. E-post: post@t-fk.no

Søknadsfrist
01.03.2012

 
Bli medlem